VIPS (Varsling Innan PlanteSkadegjerarar) er utvikla av NIBIO og Norsk Landbruksrådgiving (NLR) og har i 25 år hjelpt norske bønder med å ta betre avgjerder om plantevern. I dag kan bønder få varsel om risiko for sjukdommar og skadegjerarar i sitt område. Framover ønskjer NIBIO at systemet skal bli langt meir detaljert og presist.

– Dagens VIPS må transformerast frå å vere eit tradisjonelt varslingssystem til å bli eit fullt integrert og proaktivt avgjerdsstøttesystem. Modellane må bli langt meir detaljerte og rettast inn mot ein kvardag der kjemisk sprøyting er siste utveg, seier Skog.

Klimaendringar, strengare regelverk og færre tilgjengelege plantevernmiddel aukar behovet for presise råd. Målet er ikkje meir sprøyting, men smartare og meir målretta tiltak. Ifølgje Skog er det ikkje lenger nok å vite at ein skadegjerar finst i eit område.

– Bonden treng å vite nøyaktig når sårbare biologiske vindauge treff inn i akkurat den aktuelle kulturen, seier han.

For å oppnå dette ser Skog for seg at framtidas VIPS kombinerer vêrdata, feltobservasjonar, dronar, sensorar og kunstig intelligens. Lokale agronomiske forhold, ugrasførekomst kartlagd med drone og fuktforhold i den enkelte åkeren kan bli viktige delar av avgjerdsstøtta. Tiltaka systemet kan tilrå, kan vere alt frå overvaking og biologiske metodar til bruk av fiberduk eller presisjonsplantevern.

– VIPS må kunne fortelje bonden: «No startar sverminga. Du må ut og leite etter egg no», seier Skog. Han ser også for seg at systemet på sikt kan integrerast direkte i traktoren ute på feltet og i sprøyterobotane for automatisk oppfølging i sanntid.

Forskarane ønskjer òg å kople modellane mot langtidsvarsel og tremånaderssesongvarsel for å føreseie korleis skadegjerarsituasjonen utviklar seg i takt med klimaet. Automatisert biletinnsamling og sensorar kan gi tilgang til langt større datamengder, noko Skog meiner vil gjere valideringsarbeidet raskare. Han understrekar samstundes at ny teknologi ikkje kan erstatte biologisk kunnskap.

– Trass kunstig intelligens krevst det framleis eit solid og oppdatert forskingsgrunnlag for kvar enkelt skadegjerar, seier han.

For å realisere planane meiner Skog det blir avgjerande å styrkje samarbeidet mellom VIPS, NLR og forskingsmiljøa innan presisjonsjordbruk. VIPS er ein open og gratis teneste finansiert gjennom kunnskapsutviklingsmidlar frå Landbruks- og matdepartementet til NIBIO, og er godkjent av FN som eit globalt digitalt fellesgode.