Ein del av NLRs målestasjoner i søndre del av Trøndelag dreg på åra. For å bøte på dette prøver NLR no ut eit samarbeid med NIBIO og Meteorologisk institutt (MET), der ein hentar inn data frå dei samarbeidspartnarane sine nettverk av stasjoner.

Grovfôrmodellen, utvikla av NIBIO, nyttast for å gi ein peikepinn på rett høstetid ut frå ønska kvalitet på grovfôret. Modellen krev fleire inngangsparametrar: dato for vekststart, lufttemperatur (døgngrader), jordtemperatur, nedbør og fordamping samt globalstråling. I tillegg må rådgivaren gjere kalibreringsmålingar direkte i enga éin dag, der høgde på graset og utviklingstrinn vert registrert.

Med ei analysert kvalitetsprøve og dei nemnde parametrane kan Grovfôrmodellen estimere utviklinga av graset i ni dagar framover, slik at ein kan treffe godt på rett haustedato. Mange av NLRs rådgivarar er allereie ute i engane og måler gras og tek prøver før slåtten. Meir informasjon om dette er tilgjengeleg i NLRs grovfôrmeldingar.

Samarbeidet omfattar også bladfuktmålarar, som er særleg viktige i område med potet- og grønnsaksdyrking. Desse målararane gjer det mogleg å oppdage når det er fare for soppangrep på riset. NLR tilbyr no varsling om når ein slik fare oppstår, slik at dyrkaren kan setje inn tiltak og redusere skaden.