Graminor har lagt ut eit forsøksfelt ved Volbufjorden på Løken i Volbu, 450 meter over havet, med strandsvingelbaserte frøblandingar som er tilgjengelege i marknaden. Bakgrunnen er den aukande interessa for ukonvensjonelle frøblandingar til eng – til dømes blandingar som skal tole hyppigare haustingar.
Feltet er no i andre engår, og ei gruppe gardbrukarar deltok på markvandring. Dei fekk sjå blandingane i praksis og vurdere kva for alternativ som kunne vere aktuelle å prøve på eigne gardar.
Dei allsidige blandingane stod best i gruppa si vurdering. Strand 24, Strand 22 og Spire Surfôr/beite Vestland fekk mest positiv omtale, og nokre av gardbrukarane hadde allereie gode erfaringar med desse. Desse blandingane inneheld timotei, strandsvingel, kløver/luserne og litt raigras og engsvingel/engrapp. Fleire deltakarar sa dei òg ville vurdere hundegras dersom dei gjekk bort frå tradisjonelle timoteibaserte blandingar.
Blant rutene med rein strandsvingel såg sortane Swai og Tallfe frå Sverige, saman med eit par finske sortar, mest lovande ut. Nutrifiber-rutene, som inneheld mange danske og nederlandske strandsvingelsortar, hadde derimot vanskar med å klare seg etter to år i fjellbygda. Det same gjaldt raigras og raisvingel avla for Vestlandsforhold.
Forsøket skal gå i tre engår. Etter det vil avlingsresultat og grundigare vurderingar for dei ulike blandingane bli publiserte.
