VIPS – Varsling Innan PlanteSkadegjerarar – er eit gratis og ope verktøy utvikla av NIBIO og NLR. Tenesta inneheld varslingsmodellar for sjukdommar og skadedyr, ugrastabellar, skadetersklar og observasjonsrapportar gjennom vekstsesongen. Bøndene tek sjølve dei endelege avgjerdsle om planteverntiltak, ofte i samarbeid med rådgjevarar i NLR.

Tørråte er den mest øydeleggjande potetsjukdomen i Noreg, og statistikk viser at omtrent halvparten av alt soppmiddelforbruk i norsk landbruk går til å nedkjempe denne sjukdomen. VIPS bruker vêrdata i ein modell til å føreseie når temperaturen og fukta i lufta gjer infeksjonsfaren høg.

– VIPS er eit svært viktig verktøy i avgjerdsprosessen for plantevern i potet. Systemet gjev presise varsel og prognosar som hjelper dyrkaren med å vurdere når tiltaka bør setjast inn, seier Camilla Jacobsen Eng, rådgjevar for potet i NLR Østlandet. Ho legg til at varselet gjer at bonden kan spare både pengar og miljøet for unødvendige kjemikalie, og heller verne åkeren akkurat når infeksjonsfaren faktisk er høg.

Seniorrådgjevar Tor-Einar Skog i NIBIO, som har vore med på å utvikle VIPS-systemet frå byrjinga, åtvarar om at klimaendringar gjer oppgåva meir krevjande. – Flaum, tørke og lengre vekstsesongar gir betre forhold for skadegjerarar, samstundes som enkelte insekt rekk fleire generasjonar. Vi ser til dømes allereie at rognebærmøll kan utvikle to generasjonar i løpet av ein sesong, påpeikar han.

Skog samanliknar den aukande resistensen mot plantevernmiddel med antibiotikaresistens hos menneske. – For kvart kjemisk middel som forsvinn, aukar bruken og presset på dei attverande verksame stoffa. Dette driv fram resistensutvikling. Når "medisinen" til plantene blir borte, risikerer vi eit enormt avlingstap. Dette trugar det nasjonale målet om 50 % sjølvforsyning i Noreg, seier han.

Eng bekreftar at resistens er eit aukande problem også i potetdyrking, og tilrår at dyrkarane vekslar mellom ulike aktive stoff og bruker blandingar der det er aktuelt. Ho trekkjer òg fram førebyggjande dyrkingstiltak som vekstskifte på minst tre år, god avstand mellom potetareal og fjerning av avfallshaugar og spillpoteter som kan fungere som smittekjelder.

25-årsjubileet blir markert med eit arrangement i Vitenparken, Ås, under Plantehelsedagen onsdag 17. juni. Sidan 2014 har VIPS òg vore ein del av internasjonale prosjekt knytte til integrert plantevern i Europa, Asia og Afrika, mellom anna i samarbeid med FAO og IITA. VIPS er godkjent av FN som eit globalt digitalt fellesgode.