Over 100 forskarar var samla til ein internasjonal konferanse i regi av International Society for Horticultural Science (ISHS) i Hardanger i mai. NIBIO-forskar Jorunn Børve leia konferansen, som tok for seg sjukdomar i planteprodukt etter hausting. Åtte metodar blei løfta fram som lovande alternativ til tradisjonelle, syntetiske middel – mange av dei er i ferd med å bli fasa ut.

– I NIBIO arbeider me med dette. Handtering av norskprodusert frukt og grønt er viktig med omsyn til beredskap og sjølvforsyning. Særskilt er det behov for metodar som ikkje involverer bruk av syntetiske plantevernmidlar, seier Børve.

Kort oppvarming av overflata til frukt og grønsaker – til dømes med damp eller vatn på litt over 50 °C – kan effektivt redusera soppsjukdomar på eple. Metoden er teken i bruk internasjonalt, men er energikrevjande. Eteriske oljer frå plantar har vist lovande resultat mot sopp og bakteriar, men fordampar raskt. Forskarar arbeider med å binda oljene til nanopartiklar for å forlengja effekten.

Propolisekstrakt frå bier, og mineral som sink og silikon, har vist evne til å hemma soppsjukdomar. Nokre forskarar nyttar no kunstig intelligens for å finna dei mest effektive kombinasjonane av naturlege stoff. Parallelt vert det forska på mikroorganismar – bakteriar og sopp – som kan stoppa skadelege organismar. Forskarane analyserer mikrobiomet på frukta for å identifisera dei mest lovande kandidatane.

Såkalla «edible coatings» – tynne, spiselege belegg – kan leggjast utanpå frukt og grønt for å verna mot sopp og uttørking. Nokre prosjekt nyttar bioaktive stoff frå avfall i næringsmiddelindustrien. UV-lys er ein annan metode som allereie er i bruk hos enkelte produsentar, særleg i veksthus, med gode resultat mot mellom anna gråskimmel. I tillegg utviklar forskarar «elektroniske nesar» og sensorsystem som kan oppdaga soppangrep før skaden er synleg for auge.

Ei sentral innsikt frå konferansen er at biologiske tiltak oftast må kombinerast. Summen av fleire tiltak med moderat verknad kan tilsvara effekten av eitt syntetisk plantevernmiddel – ein såkalla «multiple-hurdle»-tilnærming.

Børve understrekar at lagring ikkje kan retta opp kvalitetsproblem som oppstår før hausting.

– Ingen tiltak på lager kan gjera kvaliteten betre enn han var ved hausting, men dei kan halda han ved lag. Difor er det som skjer på jordet, eller i frukthagen, like viktig som det som skjer under lagring.

– Framover treng me fleire prosjekt som koplar dyrking og lagring tettare saman. Då kan me utnytta potensialet i alternative metodar betre og bidra til mindre matsvinn og meir berekraftig produksjon, avsluttar Børve.