NLR har fått prosjektstøtte frå Statsforvaltaren i Vestland til å prøve mais i Sunnhordland. Prosjektet rettar seg mot bønder i Sveio og Etne i første rekke, men bønder i Kvinnherad og Stord/Fitjar kan òg delta. Interesserte tek kontakt med Lars Kjetil Flesland på telefon 94781807 eller e-post lars.kjetil.flesland@nlr.no.
Prosjektet har etablert samarbeid med ein entreprenør som stiller med frø og utfører såarbeidet, samt ein annan entreprenør med spesialutstyr for hausting og plantevern. Som deltakar må bonden sjølv stå for jordarbeiding og grunngjødsling, og betale for frø og arbeid. Prosjektet dekker ein del av transportkostnadane, og deltakarane får hjelp til å utarbeide gjødslingsplan for mais.
For å lukkast med mais understrekar NLR at bonden må finne den lunaste og varmaste plassen på garden. Jorda må vere godt drenert og ha god kalktilstand.
Såing skjer når jordtemperaturen er over 8 °C og værvarselet er gunstig. NLR opplyser at felta deira vanlegvis vert sådd i perioden 10.–20. mai, men at siste værutsikter tilseier såing i slutten av mai. Gjennom sesongen vil deltakarane få besøk av rådgjevar, og det er planlagt markdag i månadsskiftet juli–august og like før hausting i september/oktober.
Påmeldingsfristen er 15. mai. Talet på plassar er avgrensa.
