NIBIO undersøker korleis plantevernmiddel spreier seg frå jordbruksareal og kva effekt dei kan ha på nytteinsekt. Forskarane tek prøver av jord, vegetasjon, luft og insekt, og kartlegg både artssamansetjing og eksponering for plantevernmiddel. Prøvetakinga har konsentrert seg om produksjonsområda i Lofthus, Djønno, Sekse og Børve i Hardanger.

Totalt er 46 artar identifiserte. På Børve, som driv økologisk fruktproduksjon, blei det registrert 260 individ og 28 artar av blomsterfluger. I Lofthus, med intensiv og tradisjonell produksjon, blei det registrert 51 individ og 18 artar. På Sekse, som har konvensjonell drift, blei det registrert 104 individ og 19 artar, medan det på Djønno, som òg driv konvensjonelt, blei registrert 114 individ og 22 artar.

– Førebelse resultat tyder på fleire individ og fleire artar i område med økologisk produksjon. Blomsterflugene ser ut til å trivast betre der det ikkje blir sprøyta, fortel Roger Holten, forskar ved NIBIO og leiar for prosjektet. Han peikar òg på at habitatkvalitet og mengda kantvegetasjon truleg spelar inn.

Sjølv i dei økologiske områda fann forskarane rester av plantevernmiddel i flugene. På Børve hadde 93 prosent av flugene minst éi påvising av plantevernmiddel. I dei tre andre områda hadde alle analyserte fluger plantevernmiddelrester. Dei fann òg færre ulike plantevernmiddel per prøve i Børve – i gjennomsnitt tre middel per prøve, mot over fire i dei andre områda.

– Det er antakeleg slik at blomsterflugene flyg rundt og blir eksponerte andre plassar og tek med seg rester inn i dei økologiske områda. Førebels er det uklart kva slags effekt pesticidrestane har, seier Holten.

Den første screeninga tyder likevel på at nivåa stort sett er så låge at dei ikkje er akutt giftige. Holten viser samstundes til studiar på honningbier og humler der plantevernmiddeleksponering har vist seg å påverke åtferd, mellom anna evna til å finne tilbake til kuben.

Forskarane fann òg spor av eldre plantevernmiddel og nedbrytingsprodukt i prøvane, noko som viser at slike stoff kan bli verande lenge i miljøet. I luftprøvane blir plantevernmiddel påvist omtrent overalt der forskarane leitar. – Det førebelse inntrykket er at «pesticides are all around us», seier Holten.

Prosjektet er finansiert gjennom Handlingsplanen for berekraftig bruk av plantevernmidlar og blir gjennomført i samarbeid mellom NIBIO, NILU og Universitetet i Bergen.